Flør – Krista Lien Indrehus

150.00kr

Heftet og i god stand.

Dikt om klima, tid og formødre Eit barnebarn reiser til landskapa bestemødrene har etterlate seg. Regnet har slutta å falle, snøen på fjellet har minka og bølgene filer seg stadig lenger inn i berget. Barnebarnet går inn i dei gamles hus og ut i naturen som omgir dei. Dei gamle sine røynsler smeltar saman med hennar eigne, og ho ser seg sjølv i det som lever vidare og det som tar slutt. Dikta skildrar redsla mange kjenner på i ei verd på vippepunktet, med tanke på både klima, økologi og dyreliv. Eg-et i samlinga kjenner ustanseleg på uro over forandringane som skal kome, og blir slik dratt inn i eit forsøk på å halde fast i tida og generasjonane som har vore før henne. bestemor lappa utslitne bukser til det ikkje var meir igjen skrapa alt smøret ut av boksen brukte den gamle mjølka i nye vaflar sa døden er naturleg men det er ei skam å døy ung Krista Lien Indrehus (f. 1989) kjem frå Bømlo i Sunnhordland og bur no i Trondheim. Ho har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. “Flør” er den første boka hennar.

1 på lager

Vipps
Kategorier: , , Stikkord:

Beskrivelse

Kjøp brukt på nett
Kunde betaler porto
Vær oppmerksom på at vi sannsynligvis bare har ett eksemplar av de brukte bøkene, bildet er av boken som selges slik vi har den på lager
Skulle du ønske flere bilder eller informasjon om en bok ta gjerne kontakt