På jorda er vi glimtvis vakre – Ocean Vuong

380.00kr

Innbundet.

På jorda er vi glimtvis vakre er ein son sitt brev til ei mor som ikkje kan lese, skrive da sonen, Veslehunden, er i slutten av tjueåra. Brevet avdekker ei familiesoge som startar før han blei fødd – ei soge som har sitt utspring i Vietnam, og strekker seg til Hartford, Connecticut – og blir ein inngang til delar av livet hans som mora aldri har kjent til.

Samtidig som denne romanen utforskar den skjøre men utvilsamt sterke kjærleiken mellom mor og son, er På jorda er vi glimtvis vakre også ei brutalt ærleg gransking av rase, klasse og maskulinitet som går rett inn i sentrale problemområde i den amerikanske røynda i dag.

Om han skriv om avhengigheit, vold, eller trauma, er Vuong sitt blikk ømt og rikt på medkjensle, og han penslar ut ei forteljing som like mykje handlar om krafta i å få fortald si eiga historie, som den øydeleggande stilla i ikkje å bli høyrd. Boka er eit opprivande familieportrett, ei kjærleikshistorie og eit vitnesbyrd om historieforteljingas heilande kraft.

3 på lager

Vipps
Kategorier: , , Stikkord: ,

Beskrivelse

Pelikanen