Echo Mountain: forteljingar frå L.A. – Anna Kleiva

150.00kr

Innbundet.

«… eg veit at eg alltid har likt det som er slik LA er, spraglete, smektande, motstridande, det som er for mykje, det som ikkje er stilreint, ikkje samanhengande, eit mylder. Det går ikkje an å finne eit punkt der alt starta, det går ikkje opp; dette er berre ein måte å fortelje ei historie på. LA er inga logisk forteljing. Det er derfor eg vil fortelje den.»

Los Angeles er hovudperson i Anna Kleivas første prosabok, som gjennom ulike perspektiv og forteljemåtar forsøker å kartleggje og forstå den oppdelte og sprikande amerikanske byen. Reiseskildringar frå fleire møte med L.A. i perioden 2008-2017 blir i denne boka føydd saman med forteljingar, samtalar, poetiske og essayistiske tekster, og ei viss Angelenas brev til ukjend adressat.

3 på lager

Vipps