Eit praktisk menneske – Kjersti Rorgemoen

70.00kr

Innbundet og i god stand.

Liv Indrebø vil ha sin eigen plass og vere eit praktisk menneske. Ho kjøper eit avsidesliggande småbruk for å jobbe utandørs og gjere ny nytte av dei gamle husa. På museet strevar ho med å tru på orda ho er tilsett for å produsere. Draumen om kroppsarbeid og nytteverdi er sterkare i ho enn i kjærasten Svein, ein populær fysioterapeut som bur i byggefeltet i Avdalen sentrum. På jonsok kjem amerikanske slektningar av for lengst utvandra nordmenn på besøk, og folk samlar seg på bygdetunet. Bålet brenn. Men er Liv i ferd med å miste klarsynet i sitt inderlege forsøk på å klare seg sjølv?

Eit praktisk menneske er ein roman om å ikkje gro att i eit landskap perfekt for konservering. Historia finst på trygg avstand, men kva med livet i praksis? Kan ei kvinne aleine klare å forvandle kaos til orden? Og korleis elske noko ein ikkje treng?

1 på lager

Vipps

Beskrivelse

Kjøp brukt på nett

Kunde betaler porto

Vær oppmerksom på at vi sannsynligvis bare har ett eksemplar av de brukte bøkene, bildet er av boken som selges slik vi har den på lager

Skulle du ønske flere bilder eller informasjon om en bok ta gjerne kontakt.