Alice B. Toklas’ sjølvbiografi – Gertrude Stein
300.00kr
Innbundet.
Romanen Alice B. Toklas’ sjølvbiografi er ein kultklassikar og ei av dei mest tilgjengelege bøkene til Gertrude Stein, som for si tid var så nyskapande at enkelte forlag trudde det hadde skjedd feil under maskinskrivinga av manus. Ved å skildre sitt eige liv gjennom auga til sin partnar, sekretær, kokk og muse, Alice, fekk ho endeleg ein publikumssuksess og skapte eit verk så annleis at det også i dag er overraskande lesnad. Romanen er underhaldande og tørrvittig og gir eit godt bilde av det spesielle og internasjonale kunstnarmiljøet i Paris på byrjinga av 1900-talet. Stein vart skulda for å utlevere kunstnarane i boka på ein måte som gjorde at dei to kvinnene til slutt sat vennelause att. Romanen er såleis eit godt døme på at verkelegheitslitteraturen langt frå er noko nytt fenomen. SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
3 på lager
Beskrivelse
Skald forlag.