Lausgjengar. Notat frå eit ustadig liv – Fumiko Hayashi

280.00kr

Innbundet.

Eg var berre ein liten svart katt, og verda glodde mistruisk på meg og hysja, hysja, hysja på meg.

Lausgjengar skildrar det turbulente livet til ei ung omstreifande kvinne i Japan på 1920-talet. Ho går frå jobb til jobb, alltid kortvarige, aldri godt betalte. Ho er alltid blakk, opplever vonbrot etter vonbrot, men gir aldri opp. Av lengten – etter mat, ein stad å bu, pengar og kjærleik – skaper forfattaren ein ny og djerv litteratur frå undersida av det japanske samfunnet.

Hayashis debutverk kan lesast som eit opprør mot den klassiske japanske dagboktradisjonen, der aristokratiske kvinner skreiv vakre dagbøker fylte av dikt om ulukkeleg kjærleik. Inspirert mellom anna av Knut Hamsuns Sult, skreiv Hayashi med utgangspunkt i sitt eige liv, rått, upolert og direkte, men òg med stor humor og poesi. Ho er ingen intellektuell forfattar, ingen sofistikert, høglitterær stilist, men skriv i eit språk som verkar tilforlateleg og folkeleg der ho kombinerer modernisme med munnleg forteljarstil.

Boka omhandlar perioden 1922–1930, altså frå forfattaren sjølv mellom 18 og 26 år. I desse åra lausreiv Hayashi seg frå foreldra og drog til Tokyo, der ho begynte å skrive samstundes som ho livnærte seg gjennom eit vell av ulike jobbar som hushjelp, serveringsdame, cellulosefabrikkarbeidar, ekspeditrise og jordmorassistent.

Då boka kom ut, vart ho straks ein suksess og er i dag eit av dei mest vesentlege verka i Japans litteraturkanon.

2 på lager

Vipps
Kategorier: ,

Beskrivelse

Skald.